Soningsoverf?ring mellom Norge og Romania

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ber 287 kommunar om ? ta i mot til saman 5300 flyktningar i 2011, 750 av desse er einslege born og unge. Dette er ei halvering samanlikna med 2010 d? kommunane vart oppmoda om ? busetta 10 000 personar.
Talet p? asyls?kjarar til Noreg har g?tt kraftig ned i 2010, og det er derfor behov for ? busetta f?rre flyktningar til neste ?r enn det som har vore tilfellet dei siste ?ra. Talet p? einslege personar er imidlertidig h?gt. Per 31.08.2010 er det omlag 1400 busettingsklare vaksne i mottak, rundt 1200 av desse er einslege. Dei fleste flyktningane som skal busettast er fr? Somalia, Eritrea og Afghanistan.
– Dei aller fleste kommunar seier ja til ? ta i mot flyktningar, og kommunane har gjort ein sv?rt god innsats med ? ta i mot mange flyktningar dei to siste ?ra. Mange kommunar har bustadar tilpassa familiar og busettinga har derfor vore spesielt krevjande sidan delen einslege, b?de vaksne og mindre?rige, har auka kraftig. Talet p? einslege vil og vera h?gt til neste ?r, men dersom kommunane held fram med det gode arbeidet, har me stor tru p? at flyktningane som f?r opphaldsl?yve raskt kan flytta til ein kommune i 2011, seier Geir Barvik, direkt?r i IMDi.
Raskt i gang med integrering
Det er sv?rt viktig at flyktningar f?r flytta til ein kommune s? fort som mogeleg, slik at integrering i form av norskoppl?ring og kvalifisering for arbeid, kan kome raskt i gang.
– Gode introduksjonsprogram har ei n?kkelrolle for ? lykkast med integreringa. Gjennom programmet f?r flyktningane mellom anna oppl?ring i norsk og samfunnskunnskap, i tillegg til arbeidstrening slik at dei kan kome seg i arbeid og klare seg sj?lve. I tida framover vil IMDi ha eit s?rleg fokus p? kvaliteten i introduksjonsprogramma og m?ter gjerne kommunar for ? diskutera korleis introduksjonsprogrammet kan bli best mogeleg tilrettelagt, seier Barvik.
Framleis stort behov for ? busetta born og unge
Talet p? einslege mindre?rige flyktningar som kjem til Noreg har og g?tt ned dette ?ret. I 2011 er likevel talet p? born og unge som treng ? flytta til ein kommune h?gt. I rekord?ret 2009 vart det busett 606 einslege mindre?rige, i 2011 er behovet alts? 750 personar. Per 31.08.2010 sit n?rare 600 busettingsklare einslege mindre?rige i mottak. Dei fleste av desse kjem fr? Afghanistan, som ogs? vil utgjer den st?rste gruppa i 2011.
– Mange kommunar har dei siste ?ra bygd opp eit godt tenesteapparat for denne gruppa og kan vise til gode resultat med dei einslege mindre?rige. Mange av ungdommane er ressurssterke, og finn seg godt til rette i kommunen dei kjem til. Kommunar som har lang erfaring med ? ta i mot einslege mindre?rige har vore flinke til ? dela sin kompetanse med mindre erfarne kommunar, seier Barvik.
Pressehenvendelser til IMDis regionsleiarar:
IMDi Nord, Dulo Dizdarevic 41261775
IMDi Midt-Norge, Marit Elin Eide 93641020
IMDi Vest, Ohene Aboagye 90721239
IMDi S?r, Tormod Fidje 90121230
IMDi ?st, Randi Kleven 95777045
IMDi Indre-?st, Farahnaz Bahrami 46846900
Lenker
http://www.imdi.no
Vedlegg
( Filetype: doc , Size: 47616 bytes )
( Filetype: xls , Size: 87040 bytes )

Authors
Top